Vi ønskjer at alle skal trivast hos oss og ha eit så godt butilbod som mogeleg. Er det noko som ikkje er slik det burde vere, så ta kontakt slik at vi prøve å få retta opp i det.
Vi er der for dykk!
På desse sidene har vi samla ein del informasjon som er meint for deg som bur på våre studentheimar.
Vi ønskjer at alle skal trivast hos oss og ha eit så godt butilbod som mogeleg. Er det noko som ikkje er slik det burde vere, så ta kontakt slik at vi prøve å få retta opp i det.
Vi er der for dykk!
I samsvar med reglementet vårt skal det vere stille i studentbustadane våre på kvardagar etter kl. 23:00 og natt til laurdag og søndag etter kl. 01:00.
Ved bråk utover dette kan de kontakte vakselskapet Safe 24 på tlf. 70 07 90 00, dei vil då kome å gjenopprette ro og orden. Utrykkingsgebyr vert ilagt den/dei som bråkar.
Om du har låst deg ute:
Ring 70 07 52 40 innan våre opningstider 09:00-15:00 og vi vil sende ut ein vaktmester for å låse det inn igjen.
Ring 70 07 90 00 ellers. Då kjem du til vaktselskapet SAFE24.
Studentsamskipnaden i Volda har avtale med vaktselskapet SAFE24 om bistand til innlåsing.
lnnlåsingsgebyret skal betalast til vaktselskapet av den enkelte bebuar.
Leigebuar må vise legitimasjon ved innlåsing.
Gjeldande gebyrsats er 875,- ved bruk av SAFE24.
Følgjande gebyrsatsar gjeld frå 01.08.2024:
Tap av nøklar etc.:
Føremålet med dette reglementet er å hjelpe til:
Førespurnader, klager m.m. om leigetilhøvet, reglement eller andre føresegner kan ein rette til: utleigar, utleigar sin representant på staden, eller leigaren sine tillitsvalde. Særreglement kan gje utfyllande føresegner for den einskilde studentheim.
a) Felleskjøkken med eventuelle fellesrom skal vaskast minst 2 gonger i veka av dei som har rett til å bruke dette (einingar som har eige kjøkken, har ikkje tilgang til felleskjøkken). Søppel skal tømast dagleg. Kvar leigetakar må sørgje for å halde sitt kjøkkenskap reint og ryddig. Matrestar må ikkje verte ståande til dei er skjemde. Fellesskapa må haldast reine og ryddige. Ordensmannen er ansvarleg for dette.
b) Forgang og dusj/toalett skal vaskast minst 2 gonger i veka.
c) Der det er fleire brukarar av fellesrom som korridor, felleskjøkken, dusj/toalett o.l. skal det setjast opp turnuslister. Alle som nyttar inngangsparti/korridor for tilkomst til bustad, skal delta i turnus for reinhald av inngangsparti/korridor!
d) Leigetakar er sjølv ansvarleg for å halde veranda rein i leigeperioden. Dette omfattar å reinse avlaupsrenne og sluk som ligg i framkant på verandagolvet. Dersom dette ikkje vert gjort og det som følgje av manglande reinhald vert inntrenging av vatn til leilegheit, kan utleigar krevje eventuelle skadar dekt av leigetakar.
I dei studentheimane der det er gjennomført ordningar med tillitsvalde eller liknande, kan desse verte trekte inn når det gjeld handheving av reglementet.