I statsbudsjettet for 2017 lovde regjeringa 2500 nye studentbustadar på landsbasis. Kunnskapsdepartementet har no fått godkjent å gjennomføre denne satsinga av regjeringa, og det er bestemt at 120 av desse får studentane i Volda nyte godt av.

– Det var utruleg gøy å få denne nyheita. Å få eit så stort utbyggingsprosjekt til Volda er noko vi treng, etter som vi har ein god del eldre bygningsmasse. Dette vil gjere studiebygda Volda meir attraktiv, trur Tormod Smedsvig, student og styreleiar i Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda).

Mogleg start i 2017

I dag har Studentsamskipnaden i Volda 420 studentbustadar, med ei utbygging av 120 nye utgjer det ein auke på om lag 30 prosent.

– Det er ein gledens dag, for dette er noko studiestaden Volda verkeleg har behov for. Eg vil takke politikarane som har fått gjennom dette, vi har heilt sikkert vore i konkurranse med mange andre studiestadar i landet, seier Rune Aasen, assisterande direktør i SiVolda.

Han fortel at den siste store utbygginga av studentbustadar i Volda var på 90-talet. Etter det har studenttalet ved Høgskulen i Volda vakse med 66 prosent. Dei nye studentbustadane er planlagt  liggande like ved Heltne Studentheim. Dette er ei tomt som studentsamskipnaden eig.

– Reguleringsarbeidet er i gang i kommunen. Vi har knyta til oss ein arkitekt og prosjektet er i gang i ein tidleg fase. Det er vanskeleg å seie når ein kan kome i gang med bygginga, men om alt fell fort på plass kan vi håpe på at det skjer før året er omme, fortel Aasen.

Når dei nye bustadane står klare, gjer det at SiVolda får moglegheit til å pusse opp dei eksisterande bygningane, slik som Heltne og Porse studentheimar.

– Med 120 nye bustadar gjer det rom til at vi kan stenge av ei blokk i dei gamle bygga og ruste dei ordentlig opp, seier Aasen.

Godt signal for framtida

Anders Riise, som står på 4. plass på Høgre si stortingsliste for Møre og Romsdal, fikk gleda av å lansere nyhendet i Volda fredag.

– Volda har ein del studenthyblar, men det er behov for fleire. Dei har allereie ei tomt klar, og det ligg difor til rette for tidleg anleggstart. Dette viser at Volda vert satsa på som studiestad, meiner Riise.

Han hadde med seg kollegaer frå regjeringskonstellasjonen. Arild Iversen, stortingskandidat for KrF i Møre og Romsdal og medlem av Sentralstyret i partiet, la vekt på at dette er eit samarbeid mellom regjeringspartia og KrF og Venstre.

– Det er fint å sjå at det vert lagt til rette for utbygging av studentbustadar ikkje berre for Universiteta i dei store byane, men også på mindre stadar som Volda, seier Iversen som fekk følgje av Anbjørn Frislid, stortingskandidat for Fremskrittspartiet i Møre og Romsdal:

– 120 nye bustadar er ein betydeleg auke og ei god satsing for Volda. Vonleg er dette eit signal om at ein vil halde fram med å utvikle studiestaden Volda.

Fleire heiltidsstudentar

Lena M. Landsverk Sande, som er andrekandidat for Venstre i fylket, studerte sjølv i Volda på 90-talet. Ho minnast at det var lite studentbustadar i Volda på den tida.

– Dette er eit veldig godt signal om at ein kan få fleire heiltidsstudentar til Volda. Det er også ei kjempeviktig distriktspolitisk satsing, meiner Landsverk Sande.

Ifølge Riise vert det med den sittande regjering bygd dobbelt så mange studentbustadar no som under den førre regjeringa. Medan den sittande regjeringa i perioden 2015-2017 har finansiert om lag 2000 nye studentbustadar årleg, var talet rundt 1000 nye studentbustadar i førre regjeringsperiode.