– Det er særskilt kjekt å dele ut midlar til studentorganisasjonane no etter den vanskelege tida vi har vore igjennom. Fleire av studentorganisasjonane har slitt med rekruttering det siste året, så vi håper midlane kan vere med på å skape ein ny giv, seier assisterande direktør Rune Aasen i Studentsamskipnaden i Volda. 

I grunngjevinga for tildelingane står det: «For hausten 2021 har vi  motteke seks søknader innan søknadsfristen. Dette er alle veletablerte studentorganisasjonar og alle har fått tildelt midlar.» 

Organisasjonane som har motteke midlar er:

  • Studentsamfunnet i Volda - 35.000,- 
  • Volda studentidrettslag(VSI) - 25.000,- 
  • Volda Studentradio - 15.000,- 
  • StudentKRIK Volda - 7.000,-
  • Natura - 13.000,-
  • Peikestokken - 15.000,-

I tillegg til dette får Studentparlamentet i Volda 50.000,- pr. semester til vidarefordeling til lag og organisasjonar.

Studentsamskipnaden vil med denne ordninga vere med å sikre eit breiast mogleg tilbod til studentane i Volda, stimulere dei aktive og kreative kreftene i studentmiljøet, og legge til rette for eit best mogleg velferdstilbod i Volda.

Studentsamskipnaden i Volda deler ut velferdsmidlar kvart semester. Neste søknadsfrist er 1. februar 2022.