• Legg ein plan fram mot eksamen. Hugs å sett av tid til fri og hyggelege aktivitetar som gir deg energi og glede.

  • Få i deg nok, og næringsrik mat og drikke for å halde blodsukkeret oppe. Frukt og vatn er supert påfyll mellom måltida.

  • Ta deg tid til litt fysisk aktivitet. Gå ein tur ute i frisk luft eller ta deg ei lita treningsøkt. Fysisk aktivitet gir påfyll av energi, betrer konsentrasjonen og det meste føles enklare etterpå.

  • Få nok søvn! Legg deg og stå opp til same tid kvar dag. 

  • Stress ned! Benytt deg av ulike pusteøvingar eller annan aktivitet som får deg til å slappe av. 

Ta gjerne kontakt med studentrådgjevaren vår om du ynskjer fleire råd om korleis best meistre eksamen eller berre treng nokon å prate med. Meir om tilbodet her

Lukke til!