Driftsavdelinga vår er i dag eit team på fire personar. Vi har over 620 studentbustadar, barnehage, studenthus og fleire næringseigedomar som driftsavdelinga har den daglege oppfølginga og vedlikehaldet av. 

Som driftsleiar er du drifts- og vedlikehaldsansvarleg for eigedommane våre. Du vil ha personalansvar for dei tilsette i driftsavdelinga og rapporterer til direktør. Driftsleiaren arbeider praktisk ute på eigedomane, i tillegg til administrativt arbeid på kontoret. 

Arbeidsoppgåver
•    Dagleg drift og utvikling av avdelinga
•    Ansvar for alle eigedomar og alt utstyr vi eig og forvaltar
•    Sikre og utvikle gode rutinar knytt til drift og service, samt handtere akutte situasjonar
•    Vere delaktig i å utvikle eit godt bumiljø for studentane med høg grad av service
•    Ansvarleg for avtalar som gjeld innkjøp, drift og vedlikehald
•    Skape gode relasjonar til kundar og samarbeidspartnarar

Ønska kvalifikasjonar
•    Utdanning innan bygg- og anlegg, eller annan relevant fagbakgrunn
•    Relevant leiarerfaring, helst med personalansvar
•    Kunnskap og erfaring med SD-anlegg og FDV-system
•    Generell god IKT-kompetanse
•    Må kunne kommunisere godt på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar
•    Dyktig leiar som er flink med menneske, og god til å motivere
•    Gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team
•    Initiativrik, ansvarsbevisst og opptatt av å yte god service
•    God arbeidsmoral og høg arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

Vi tilbyr
•    Jobb i eit spanande miljø med varierte arbeidsoppgåver
•    Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale 
•    Gode pensjons- og forsikringsordningar
•    Ein meiningsfull jobb som er med og betrar studentane sin kvardag

Spørsmål om stillinga kan rettast til Rune Aasen, tlf. 906 37 227
Søknad med CV sendast via annonsen på finn.no, eller til raa@sivolda.no
Søknadsfrist 24.01.23 

Om arbeidsgjevaren
Vi i Studentsamskipnaden i Volda arbeider for at studentane i Volda skal ha ein så fin og trygg studiekvardag som mogleg.

SiVolda er ein velferdsorganisasjon for vel 4000 studentar i Volda. SiVolda er ei sjølvstendig verksemd innan høgskulesystemet med ansvar for drift av mellom anna studentbustadar, kantine, kafébarnehage, studenthus og sosial- og psykologisk rådgjevingsteneste. SiVolda har rundt 30 tilsette og ei årsomsetning på om lag 55 mill. kr.