Kvar hentar eg nøklane?
Du kan hente nøkkel og flytte inn i bustaden din når du vil etter kontrakta di startar. Resepsjonen vår i Elvegata 24 er open måndag-fredag 09-15, det er her du skal hente nøkkel. Om du kjem til Volda utanom opningstidene våre, må du gi oss beskjed i god tid. Du gir beskjed skriftleg på post@sivolda.no.
Vi oppmodar på det sterkaste at du planlegg å kome innanfor opningstidene, slik at vi kan hjelpe deg om du har spørsmål.

Kan nokon andre hente nøklane for meg?
Ja, du kan få nokon andre til å hente nøklane for deg, men då må du sende oss ei fullmakt med informasjon om kven som skal hente i god tid i forkant. Send fullmakta til post@sivolda.no.

Kva må eg ha med?
Du må ta med kjøkkenutstyr, dyne/pute og vaskeutstyr. 
PS: På Heltne A og B er det induksjonskomfyr på kjøkkenet.
Mange av felleskjøkkena har skap som er merka med hybelnummeret ditt. Det er viktig at du ikkje set eigedelane dine i andre skap, sjølv om dei står tome.

Treng eg innbuforsikring?
Ja! SiVolda si forsikring dekker ikkje leigetakar sitt private innbu/lausøyre. Kontakt forsikringsselskapet ditt for informasjon om innboforsikring, men sjekk om du er dekka av foreldra dine si forsikring, før du teiknar di eiga. 

Melde om feil
Om du oppdagar feil eller manglar ved bustaden din, må du melde frå så fort som mogleg. Du melder frå om feil på Min side via sjekkliste innflytting.

Når får eg faktura på husleige?
Du startar å betale husleige frå den datoen som står i kontrakta di. Du vil få varsel når husleige er klar til betaling inne på min side i appen vår.

Depositum?
Vi har ikkje depositum på bustadane våre.

Husleigekontrakta
Det er viktig at du set deg inn i kontrakta før du flyttar inn, den finn du på Min side. Her kan du også akseptere/signere kontrakta.