Ved studentbustadene på Heltne og på Myrane har SiVolda no laga flotte grillplassar til bruk for bebuarane våre. Det er støypt fast store flotte grillar i stål med tilhøyrande bord. Grillane er slik konstruert at ein ikkje treng tøme dei for brukt grillkol for kvar gong. Vi vil tøme grillane når dei er fulle.

Grillplassane er rundt 70 kvm., det er laga murar rundt, og plassane er fint steinlagde. Etter vinteren vert det plassert bord og benkar på grillplassane.

I tillegg til å vere eit velferdstiltak, gjer SiVolda dette også for å få ned bruken av brannfarlege og lite miljøvennlege eingongsgrillar.

Grillplassane er klar til bruk, og sjølv om det ikkje er høgsesong no framover, håper vi studentane vil få stor glede av desse til våren. Hugs og ta hensyn til naboar og andre bebuarar, samt rydd pent etter deg!