Røysmarka studentbarnehage ligg praktisk til på campus, rett ved Berte Kanutte-huset. Er du student med barn er dei fleksible og kan gjere individuelle tilpassingar rundt eksamen og praksis. Vi strekk oss lenger for studentane.

Fornøgde foreldre
Foreldreundersøkinga er ein god indikasjon på kor godt nøgde foreldra er. Studentbarnehagen har scora høgt på foreldreundersøkinga i fleire år. I år låg dei på heile 4,7 av 5 moglege. Foreldra er særs nøgde med barna sin trivsel, utvikling og tilvenning.

Kompetanseheving
Studentbarnehagen har god pedagogisk dekning, noko som gjev god kompetanse og høg fagleg kvalitet på tilbodet. I tillegg har barnehagen samarbeid med høgskulen i Volda. Dei samarbeider om utviklingsarbeid i regional kompetanseheving og utplassering av studentar i barnehagen. Dette gir fagleg påfyll og kunnskap til å vere i utvikling som ein lærande organisasjon.

Søknadsfrist
Røysmarka Studentbarnehage nyttar dei same fristane og søknadsskjema som dei andre barnehagane i Volda kommune. Søknadsfristen er 1. mars. Utanom hovudopptaket tildeler vi plassar kontinuerleg ved ledig kapasitet.