Studentsamskipnaden i Volda fekk i haust tilsagn om statsstøtte til 120 nye hyblar i Volda. Planane låg klare, kontrakt er signert, og no er vi igang! SiVolda skal nytte Veidekke Entreprenør AS som totalentreprenør. Kostnaden er rekna til 102 millionar kroner.

Bygget er teikna av arkitekt Oddvar Ekroll AS. Det er planlagt innflytting i januar 2020.

SiVolda vil montere eit web-kamera der ein kan følgje byggeprosessen dag for dag.