Som ny student er du i ferd med å setje ut på ei reise og ein ny epoke i livet ditt. Bygda vår kan verke lita på kartet, men mangfaldet vi har å by på er rikt. Med stor variasjon i studieretningar på høgskulen, ting å gjere på fritida og generelt i folk og fé, vil du finne deg godt til rette her. For at du som ny student skal finne din plass og lett verte kjent med andre studentar, er vi ein stolt støttespelar og sponsor for Fadderveka. Vi trur og håpar at desse arrangementene, saman med alle dine fadrar, kan vere det du treng for å skape ein god start på studieløpet og ikkje minst minne for livet. 

Volda er eit samfunn bygd på frivillig engasjement. Dette betyr for deg som student at det er fleire studentlag-og organisasjonar du kan engasjere deg i, enten du likar å gå på fjellet, spele lagidrett, drive med studentpolitikk eller vere bartendar på Studenthuset Rokken. Vi anbefalar på det sterkaste å vere ein del av dette engasjementet, både fordi det gir deg erfaring utanom skulebenken, men også fordi det er her du finn vener for livet.

Vi ynskjer deg lykke til i Volda og om det er noko du lurer på, anten det er om bustad, fritid, helse eller liknande, berre spør! Vi er her for deg. 

Helsing Karoline Strand- student ved høgskulen i Volda og styremedlem i SiVolda.