Det nye bookingsystemet er heildigitalt, så du bookar, betalar og får nøkkelen på mobil 24 timar før ankomst. Du må ikkje lenger vente på svar på ein søknad eller hente nøklar i resepsjonen. I tillegg er sengkle og handduk no inkludert.

Er du student, får du rabattert pris!

Korttidsleiga er eit tilbod til studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda som er her på kortare opphald. Men kven som helst kan nytte seg av den. Nokre studentar nyttar den også til å huse familie eller vener som er på besøk. Vi har 30 korttidshyblar, 21 av dei er lokalisert på Porse studentheim og ni på Heltne studentheim.

Einingane du kan velje mellom er enkeltrom med eige bad eller delt bad. Kjøkkena blir delt med dei andre på same gang, så på Porse deler du med inntil sju andre, medan på Heltne kan det vere ni andre.