Kantina

Kantina har feriestengt frå laurdag 25. juni og opnar igjen 8. august.

Bustad

Resepsjonen har ope heile sommaren.
Opningstider: måndag-fredag 09.00-15.00
Ta kontakt per epost post@sivolda.no / tlf. 700 75 240
Eller kom innom resepsjonen vår.

Feilmeldingar på bustad leggast inn på di side som vanleg.

Dersom det oppstår noko som må reparerast/ha tilsyn snarast utanom vår ordinære opningstid:
Kontakt vaktselskapset Safe24 på tlf. 700 79 000.

Helse

Studentrådgjevar er vekke veke 25, 26, 29, 30 og 31.

Treng du nokon å snakke med i sommar?

Vi veit at feriar og heilagdagar kan vere ei utfordrande tid for mange. Har du behov for å snakke med nokon i sommar, finnast det fleire som kan hjelpe deg. Her er nokre av dei:
Studenttelefonen: 116 123 (tast 3) open alle dagar mellom kl. 17.00 – 07.00
Kirkens SOS, krisetelefon: 22 40 00 40
Mental Helse, hjelpetelefon: 116 123
Røde kors for barn og ungdom: 800 33 321

Eventuelt kan du gå inn på www.sidetmedord.no som er nettenesta til Mental Helse. Der kan du sende inn ei anonym melding og får svar frå ein av rettleiarane deira innan 48 timar. Inne på Sidetmedord.no har du også muligheit til å delta på ein anonym chat. Chatten er open på vekedagar kl.  12.00 – 02.00 og kl. 15-02 i helger. Der er du i direkte kontakt med ein av rettleiarane deira.

Studenthuset Rokken

Studenthuset Rokken har sin siste opningsdag før sommaren laurdag 18. juni. Og opnar igjen laurdag 13. august.
 

Barnehage

Røysmarka studentbarnehage held stengt veke 28, 29 og 30.