Oppseiing

Du har 2 månader oppseiingstid gjeldande frå den 15. eller siste dagen i månaden, (gjeld ikkje internflytting) så hugs å gi beskjed i rett tid, så du slepp å betale etter du har flytta ut.
 

Nedvask

Studentbustaden din skal vere fråflytta og nedvaska innan klokka 12 siste leigedag. Sjekk «hugseliste for vask» nedst i artikkelen.
 

Bestill utsjekk! 

For å vere sikker på å ikkje få gebyr for dårleg vasking, kan du bestille utsjekk. Då kjem der ein person frå driftsavdelinga og ser over om alt er vaska godt nok. Bestill sjekken i god tid før du reiser, så du har moglegheit til å vaske det som eventuelt ikkje blir godkjent.
 

Fellesareal

Du må vaske din del av fellesarealet. Her må du bli einig med den/dei du bur saman med om ei fordeling av areal.
 

Fjern private eigedelar

Hugs å ta med deg alle eigedelane dine. Fjern alt som tilhøyrer deg i bustaden, i boda og på fellesareala.
 

Internflytting

Du har ikkje oppseiingstid om du skal internflytte, men elles gjeld same reglane som for ordinær utflytting. Har du to sett nøklar ei periode, betalar du for begge bustadane dei dagane du har dobbelt. 
 

Innlevering av nøklar

Alle nøklar og nøkkelbrikker skal leverast tilbake til oss den dagen kontrakta går ut. Dersom nøklane blir levert for seint, må du pårekne å bli belasta med eit gebyr om ikkje anna er avtalt. Du kan levere nøklane i resepsjonen, ved utsjekk eller legge dei i merka konvolutt i våre SiVolda-postkasser.
 

Vi vil takke for tida du har budd her hos oss, og ynskjer deg lukke til vidare og velkomen tilbake om du skulle ha behov for ein studentbustad ved eit seinare høve.

 

Hugseliste for vask

Kjøleskapet må tømmast og reingjerast både innvendig og utvendig. Lause hyller må takast ut og vaskast. Hugs å fjerne matrestar frå gummilister og skruar.

Frysar må avrimast og reingjerast.

Alle dører må vaskast grundig. Det må ikkje vere synlege fingeravtrykk eller fett. Bruk Zalo.

Komfyren må reingjerast både innvendig og utvendig. Bruk omnsrens, salmiakk eller anna fettløysande middel til kokeplatene, steikeomnen og platene i steikeomnen. Hugs glasdøra, brytarar og eventuell brettskuffe under steikeomnen. Bur du i leilegheit må det også vaskast bak komfyr.

Kjøkkenvifta må gjerast skikkeleg rein. Legg filteret i salmiakkvatn til feittet blir borte. Skyll deretter med varmt vatn. Har du oppvaskmaskin kan du vaske filteret der.

Kjøkkenskapa må tømmast og reingjerast innvendig og utvendig. Lause hyller må takast ut og vaskast. 

Stålbenk, vegg over oppvaskbenk og kraner må reingjerast skikkeleg. Tørk over etterpå, så ikkje vatnet lagar nye flekkar/skjoldar.

Møblane på felleskjøkken må støvsugast og vaskast. Vask treverket og støvsug putene og botn.

Hugs å rydde verandaen og vaske kjøkkengolvet til slutt!

Møblane på hybel/leilegheit må vaskast. Madrass må støvsugast. Sengebøylar må reingjerast. Madrassbeskyttaren skal vaskast separat på 60 grader.

Veggane Alle veggar må vaskast og flekkar må fjernast på rommet ditt. Hugs å tørke over alt listverk(også vegg- og taklister). Dørblad og handtak må reingjerast. Evt. Flekkar på varmeomnane må fjernast. Hugs å løfte fram og reingjer bak varmeomnen. 

Tak Alle tak unnateke betongtaka skal reingjerast.

Baderommet Tak på bad må reingjerast, og golv og veggar må skrubbast. Bruk eit av dei mange reingjeringsmidla til vask av baderom. Tørk med tørr klut etterpå, elles vil vatnet lage skjoldar. Reingjer servant, toalett og ventil både innvendig og utvendig. Tørk over alt slik at ikkje vassdråpar lagar flekkar. Vask dusjforheng i vaskemaskin på 60 grader.

Vindauga må pussast både innvendig og utvendig(der det er mogleg). Bruk ein nal til å fjerne vatnet med når du vaskar vindauga. Gardinene skal ikkje vaskast, men må hengast opp igjen, dersom du har teke dei ned.

Vask golvet i leilegheita/hybelen, inkl. felles gang til slutt.

Laminatgolva krev spesiell reingjering: Du må reingjere golva regelmessig med støvsugar eller tørrmopp og/eller ein godt oppvridd golvklut med syntetisk reingjeringsmiddel (t.d. AJAX, Oxy-gel e.l.). Bruk minimalt med vatn og ver nøye med å tørke opp alt vatn til slutt.