Studentsamskipnaden i Volda deler i vårsemesteret 2019 ut velferdsmidlar til desse:

Studentsamfunnet i Volda 15.000,-, Dokumentarfilm festivalen 20.000,-, VSI 20.000,-, Peikestokken 15.000,-,  Studentradioen 15.000,-, Student TV 10.000,-, International Student Union 7.000,- og Natura 8.000,-.

I tillegg til dette får Studentparlamentet i Volda 50.000,- pr. semester til vidarefordeling til lag og organisasjonar.

Veka 2019 har også fått sponsormidlar på 125.000,-.

Studentsamskipnaden i Volda vil med denne ordninga vere med å sikre eit breiast mogleg tilbod til studentane i Volda, stimulere dei aktive og kreative kreftene i studentmiljøet, og legge til rette for eit best mogleg velferdstilbod i Volda.

Studentsamskipnaden i Volda deler ut slike midlar kvart semester. Neste søknadsfrist er 1. oktober 2019.