På styremøtet 14. desember vedtok styret i SiVolda budsjettet for 2024, der går det fram at utleigeprisane for hyblar og leilegheiter vert uendra i 2024. Prisen vil ikkje kome til å stige før tidlegast hausten 2025, dette trass i ei stor generell prisstiging. Studentsamskipnaden i Volda har pr. 1.1.2024 over 600 hyblar til leige med prisar frå 3700,- pr. månad, inkludert straum og breiband.

-    Vi gjer dette for å kome studentane i møte i ei tid med svært pressa studentøkonomi, seier styreleiar Sindre Rabben Tronstad. Levekostnadane har auka. Ikkje minst kostnadene til mat og andre nødvendige varer. Difor er eg svært glad for at vi kan halde prisane uendra. 

Direktør, Rune Aasen, seier at dette er ei hjelpande hand til studentane i ei pressa økonomisk tid. Det er også eit tiltak for å halde hybelprisane i Volda låge, for bidra til å gjere Volda til ein attraktiv studiestad. Prisane våre representerer ei fordeling av studentvelferd mellom noverande og framtidige studentar. Som alle samskipnader prøver vi her i Volda å balansere dette. I år set vi studentøkonomien og studenthelsa først.

 

Studenthelse i fokus 

Budsjettet i år legg stor vekt på studenthelse, mellom anna ved å gå for ei 100 % auke i tenestene for studentrådgjeving. Førebygging og rådgjeving blir fokusområde i året som kjem. Det blir løyvd midlar til både idrettstilbod i samarbeid med høgskulen, og oppgradering av studenthuset Rokken der det skal lagast uformelle sosiale soner og møteplassar for studentane. 

Friluftsliv og samhald er viktige helsebringande tiltak som blir vektlagde framover. Vi har bygd eit naust ved Rotevatnet der studentane frå våren 2024 kan leige båt, kanoar og SUP-brett. I Volda sentrum kjem der ei badstove som vi er involvert i. Sist, men ikkje minst, er arbeidet med ei ny studenthytte også på trappene.