Vi har skaffa ein Food Truck som vi tenker å bruke ved forskjellige høve gjennom skuleåret som eit supplement til mattilbodet vi har i kantina og Rokken Café. Det blir ikkje eit permanent mattilbod, men noko vi kan bruke ved særskilte høve. Det kan til dømes vere ved forskjellige arrangement rundt semesterstart, happenings ved bustadane våre, festivalar, eller Rokken. 

- Vi gler oss til å vise fram det nye konseptet til studentane på laurdag. seier leiar for mat og drikke Jan Harald Eikenes.