Helsetenesta tilbyr informasjon og rettleiing, der målet mellom anna er å auke kunnskapen om seksuelt overførbare infeksjonar, lette tilgangen til prevensjon og førebyggje uønska svangerskap og abort.

Du får tilbod om:

  • Testing for klamydia
  • Informasjon om prevensjonsmetodar og foreskriving av prevensjonsmidlar
  • Gratis kondomar
  • Hjelp til å bestille legetime 
  • Uformell samtale om kropp, seksualitet og prevensjon
  • Graviditetstesting

Helsesøster i Volda 
Helsesøster er tilstades kvar måndag kl. 0900-1430 og har kontor ved Studentsamskipnaden. Ingen timebestilling, det er berre å møte opp i trefftida. Tilbodet er eit samarbeid mellom Studentsamskipnaden i Volda, Høgskulen i Volda, Sosial- og helsedirektoratet og Volda kommune ved Helsestasjonen.

Ta kontakt med helsesøster Ellen Engeset på e-post helsestasjon@hivolda.no eller telefon: 70 07 54 45.