Karen Elene, betre kjent som @fattig.student, har raskt blitt ei framtredande stemme for studentar og andre som vil bruke mindre pengar og gjere ein innsats for miljøet samtidig – ved å dele sine beste tips for korleis lage billigare måltid og kaste mindre mat. Ho har gitt ut to bøker med stor suksess og denne kvelden deler ho mange av sine tips og råd om korleis få ein god studiekvardag.

På instagram-kontoen sin @fattig.student deler ho oppskrifter, vekemenyar og sparetips. Ho oppfordrar og engasjerer følgarane sine til å tømme kjøleskapa sine før dei handlar, i tillegg til å vere kreative med restane og få pengane til å strekke lenger. 15.november vil det også bli muligheit for salen å stille spørsmål – så hiv deg med og bli inspirert! 

Arrangementet er heilt gratis og støtta av Studentsamskipnaden i Volda.