
Opning av naustet
mai
- 23maiSiVolda-naustet
Torsdag frå kl.12-14 inviterer vi til offisiell opning av SiVolda-naustet ved Rotevatnet.
Det blir snorklipping, pølsegrilling og moglegheit til å prøve SUP, kano og robåt.
Vi stiller med pølser, utstyr og god stemning, alt du treng å gjere er å møte opp.
Det blir namnekonkurranse der du kan vinne gjeve premiar. Vi treng namn både på kanoane og robåten. Er du i det kreative hjørnet? Send inn eit forslag!
Det blei kanskje litt kort varsel, men vi håper du vil vere med!
Kvar? SiVolda-naustet mellom Årneset og stadion.
Sjå kart: https://maps.app.goo.gl/8SnckxTn1nBEdJaHA
Tid: kl. 12-14
Dato: Torsdag 23.05.2024