Ofte er det mykje som skjer inne i hovudet. Tankar, bekymringar, stress og uro. I dette kurset går vi gjennom teknikkar du kan bruke for å ta styringa over di eiga hjerne, slik at den ikkje styrer deg. Erling Braut Haaland har sagt at den viktigaste treninga han gjer er den mentale. Gjennom meditasjon og andre liknande øvingar førebur han seg til kampane sine. Vi skal gjere noko av det same. Du vil lære enkle øvingar for å trene hjernen og korleis du kan bruke pusten til å løyse opp i spenningar i kroppen.

Kurset er frå 15-16 på fem følgande tysdagar med start 15. november. Du treng ikkje eige utstyr. Ta gjerne på deg behagelege kle. Instruktør er Anne Natvig, ho er yogalærar med utdanning frå Oslo Yoga.

Det er 10 plassar på dette kurset og førstemann til mølla. Kurset består av fem økter, så om du melder deg på ønsker vi at du deltar på minst 4.

Meld deg på på billettlenka over.

PS: Arrangementet er for studentar ved Høgskulen i Volda.