I løpet av studietida kan du komme opp i situasjonar som det kan vere vanskeleg å finne ut av på eiga hand. Kom og luft tankane dine, det er alltid godt!  

Eksempel på tema du kan prate med studentrådgjevar om: 
-    Meistring av studentlivet
-    Tidsplanlegging, motivasjon til å studere. 
-    Relasjon til familie, vener, medstudentar
-    Klassemiljø og læringsmiljø
-    Vanskar med å finne seg til rette
-    Vurderer å slutte på studiet
-    Følelser, tankar, konsentrasjon-/søvnvanskar, sorg

Rådgjevingstenesta er gratis og rådgjevarane har teieplikt. 

Du kan booke time her. Om du ikkje finn ledig tid i booking, send gjerne sms eller epost. 
Studentrådgjevarane har kontor i SiVolda sine lokale i Elvegata 24. 

Kontortid: måndag, tysdag, onsdag og torsdag kl. 09.00 - 15.00.

Eli Anne Løksa er studentrådgjevar.

Du kan nå henne her:
Mob: 992 37 980
eli@sivolda.no

Andre samtaletilbod

Høgskulen har også andre samtaletilbod du kan nytte deg av, les meir om dei her