I Føremål

Føremålet med dette reglementet er å hjelpe til:

  1. at bustadene og anna utstyr som leigetakarane disponerer, vert handsama slik at dei ikkje tek unødig skade.
  2. at leigetakarane tek nødvendig omsyn til kvarandre, slik at ingen lir skade av framferda til andre leigetakarar.

II Generelt

Førespurnader, klager m.m. om leigetilhøvet, reglement eller andre føresegner kan ein rette til: utleigar, utleigar sin representant på staden, eller leigaren sine tillitsvalde. Særreglement kan gje utfyllande føresegner for den einskilde studentheim.

III Føresegner

  1. Kvar leigetakar er ansvarleg for reinhald og orden i eigen bustad, og pliktar dessutan å halde eventuelle fellesrom reine, saman med dei andre brukarane av desse.

    a) Felleskjøkken med eventuelle fellesrom skal vaskast minst 2 gonger i veka av dei som har rett til å bruke dette (einingar som har eige kjøkken, har ikkje tilgang til felleskjøkken). Søppel skal tømast dagleg. Kvar leigetakar må sørgje for å halde sitt kjøkkenskap reint og ryddig. Matrestar må ikkje verte ståande til dei er skjemde. Fellesskapa må haldast reine og ryddige. Ordensmannen er ansvarleg for dette.

    b) Forgang og dusj/toalett skal vaskast minst 2 gonger i veka.

    c) Der det er fleire brukarar av fellesrom som korridor, felleskjøkken, dusj/toalett o.l. skal det setjast opp turnuslister. Alle som nyttar inngangsparti/korridor for tilkomst til bustad, skal delta i turnus for reinhald av inngangsparti/korridor!

    d) Leigetakar er sjølv ansvarleg for å halde veranda rein i leigeperioden. Dette omfattar å reinse avlaupsrenne og sluk som ligg i framkant på verandagolvet.  Dersom dette ikkje vert gjort og det som følgje av manglande reinhald vert inntrenging av vatn til leilegheit, kan utleigar krevje eventuelle skadar dekt av leigetakar.

  2. Bod i tilknyting til bustaden må haldast ryddig. Eignelutane må merkast. Det er ikkje tillate å bruke bart lys i boden.
     
  3. Alt søppel skal pakkast forsvarleg inn før det vert plassert på tilviste stader. Elles skal føresegner om bruk av søppelcontainer o.l. følgjast. Kjeldesortering blir praktisert på studentheimane.
     
  4. Vaskemaskiner kan, om ikkje anna vert fastsett, berre brukast i tida mellom kl. 07.00 og kl. 23.00.
     
  5. Det er ikkje tillate å riste eller banke klede, teppe og anna tøy ut av vindauge, balkong eller veranda.
     
  6. Opphenging av bilete o.l. på veggene må berre skje etter dei til ei kvar tid fastsette reglar. Dette gjeld og fellesrom, trapperom o.l. Oppslag, meldingar o.l. må berre setjast opp på stader som er tiltenkt dette.
     
  7. Det er ikkje tillate å halde husdyr.
     
  8. Det er ikkje tillate å kople motorvarmar o.l. til noko straumuttak i studentbustadane med mindre det er uttak for det og løyve er innhenta.
     
  9. Det er ikkje høve til å ha med seg vaskemaskin og/eller utstyr og møblement av tilsvarande slag. Det er heller ikkje høve til å fjerne/byte inventar utan særleg løyve frå utleigar. Det er forbode å flytte møblar frå eigen bustad ut i fellesareal, det er også forbode å flytte møblar ut på veranda/terrasse. Leigetakar er personleg ansvarleg for møblane han leiger.  
     
  10. Leigarane pliktar å respektere arbeidsroa til kvarandre. Det skal vere ro i studentheimane kl. 23.00 alle dagar unnateke natt til laurdag og natt til søndag, då skal det vere ro etter kl. 01.00. Den enkelte leigar er ansvarleg for framferda til gjestene sine i bustaden, fellesromma og på eigedomen elles. Den ansvarlege for studentbustaden eller den han gjev fullmakt kan, når det er nødvendig, krevje at gjestene skal fjerne seg frå bustaden og eigedomen.
     
  11. Utan førehandsvarsel har utleigar rett til å fjerne illeluktande gjenstandar. Dette gjeld òg for andre gjenstandar som måtte representere ein fare for eigedomen.
     
  12. Syklar, barnevogner, ski o.l. og dessutan motordrive køyretøy, må berre plasserast på dei stader som er tilvist av utleigar for slikt bruk.
     
  13. Ansvarleg for studentbustaden har tilgjenge til å inspisere alle rom. Slik inspeksjon skal normalt vere varsla på førehand. I ekstraordinære tilfelle kan likevel inspeksjon gjennomførast utan varsel.
     
  14. Det er røykeforbod innvendig på studentheimane, både i eigen bustad og i fellesareal. Røyking inne ser vi på som eit brot på leigeavtalen.

Utleigar har utan vidare tilgjenge til bustaden for å utføre nødvendige reparasjonar og utbetringar. Så sant det er praktisk mogeleg skal det vere varsla.

IV Tillitsvalde

I dei studentheimane der det er gjennomført ordningar med tillitsvalde eller liknande, kan desse verte trekte inn når det gjeld handheving av reglementet.