Kven kan søke? 

Alle som søker om å bli student eller er student ved Høgskulen i Volda kan søke bustad hos oss. 
 

Korleis søker eg bustad?

Søk bustad her eller last ned appen vår SiVolda Bolig. Appen finn du både i iOS og Android. 
Du bør krysse av for fleire alternativ då dette kan auke sjansane for å få tildelt bustad hos oss.

Kvar kan eg lese om dei ulike bustadane? 

Du kan lese om dei ulike studentheimane ved å velge "oversikt bustader" i menyen. Du vil då finne ein kort presentasjon av alle bustadene våre i Volda. Sjå her for fullstendig informasjon.  

Søknadsfrist

Vi har ikkje ein fast søknadsfrist. Tildeling skjer fortløpande. Det er lurt å søkje i god tid.
 

Kva om eg ikkje får studieplass i Volda frå hausten av? 

Mange veit ikkje om dei kjem inn på studiet. For å sikre deg bustad må du takke ja og heller kansellere om du ikkje ynskjer/treng bustad likevel. Du kan seie frå deg bustaden du har fått tildelt seinast 31.juli. Det gjer du ved å kansellere akseptert kontrakt. 

Kansellere akseptert kontrakt?
Les vilkår for kansellering av akseptert kontrakt. (PDF, 133KB)