Samstundes som studentane har fått eit hus - har òg heile bygda fått ein kulturleverandør å vere stolt av. Sidan opninga i april 2005 har mellom anna Side Brok, Madrugada, Datarock, Marit Larsen, Kaizers Orchestra, CC Cowboys med fleire vitja huset. Rokken er bygd for musikalske opplevingar i særklasse, og fleire av artistane har rosa lokalet som eit av dei beste konsertlokala i landet.

Drifta av ROKKEN skjer i nært samarbeid med Studentsamfunnet i Volda og andre studentorganisasjonar, og eit av måla til studenthuset er å skape trivsel og tilhøre for Volda-studentane. Leiinga av studenthuset skal i samarbeid med studentane utvikle eit attraktivt tilbod som dekkjer behovet og ønskjet i studentmangfaldet.

Dette skjer på Rokken:

  • Konsertar, disko og diverse kulturarrangement
  • Kviss - populær kunnskapskonkurranse for lag på onsdagar
  • Fotball på storskjerm
  • Open mic - mikrofonen er din!
  • Festivalar - den intime stemninga på Rokken er set prikken over i`en under Veka, Dokfilm, X2 og fadderveka
  • Tumleplass for studentorganisasjonar som VOKS, studentavisa Peikestokken, Volda studentradio m.fl

Rokken Café
I tillegg til storsalen huser bygget Rokken Café som kan by på ein variert meny med billig og god mat. Caféen har etablert seg som ein naturleg samlingsstad under festivalar og på fritida og har ei lun og avslappa atmosfære.

Hugs å ta med studentkort og semesterkort, så får du studentrabatten din.

Bli tilhengjar av Studenthuset Rokken på Facebook og få med deg siste nytt!