Studentråd, lag og organisasjonar som er knytte til høgskulen i Volda , kan søkje om økonomisk støtte til drift eller gjennomføring av prosjekt/tiltak. SiVolda deler to gongar i året ut slike midlar.

Søknadsfristar: 1. februar og 1. oktober.
 

Retningsliner for tildeling
SiVolda deler inn overføringane til lag og organisasjonar i 2 kategoriar.

Kategori 1: 
Inntil 1/3 av det budsjetterte beløpet vert direkte overført styra i studentråd/studentlag.

Kategori 2:
Det resterande beløpet vert avsett til støtte til lag og organisasjonar og til ulike prosjekt/tiltak i regi av desse.

Sivolda informerer studentorganisasjonane i god tid og sender ut søknadsskjema for kategori 2.

Når det gjeld kategori 1 får kvart studentrådsstyre og studentlagsstyre overført ein lik sum til drift, administrasjon og arrangement. Det er ein føresetnad at styret legg fram årsmelding og rekneskap med balanse/resultat og med kommentarar. 

Studentråd/studentlagsstyre står fritt til å søkje om kategori 2-midlar i tillegg til kategori 1-midlar.

Kriteria for vurdering  av kategori 2
1) SiVolda skal ha som mål å gje stønad til prosjekt/tiltak som kjem flest mogleg studentar til gode og som i størst mogleg grad gagnar framtidige studentar.

2) SiVolda skal gjennom denne ordninga sjå til at organisasjonane sine midlar sikrar eit breiast mogleg tilbod kulturelt og sosialt og såleis stimulerer dei aktive og kreative kreftene i studentmiljøet.

3) SiVolda yter ikkje støtte til politiske organisasjonar og undervisningsretta og fagleg relatert verksemd.


Krav til søknad for kategori 2
Det vert sett krav om FERDIG UTFYLLT STANDARD SØKNADSSKJEMA med følgjande vedlegg:

  • Komplett rekneskap med kommentarar for siste år - balanse/resultat
  • Budsjett med kommentarar for søknadsperioden
  • Årsmelding for rekneskapsåret
  • Årsplan for søknadsåret
  • Inventarliste med innkjøpsdato, pris og stand/forfatning.

Velferdsutvala behandlar alle kategori 2-søknadar og gjer vedtak om tildeling. Styret i Studentsamskipnaden i Volda er ankeorgan.

Søknad velferdsmidlar

Kommentarar til søknaden