Om studentlivet i Volda
For å få mest mogleg ut av studia, er det viktig å trivast også når ein ikkje er på forelesning, i praksis eller på lesesalen. Eit godt studiemiljø er viktig både for det faglege utbyttet og for det sosiale livet.
Studentsamskipnaden i Volda har fleire tilbod til deg som likar å vere aktiv også ”etter skuletid”, Vi ønskjer at studietida di skal gli mest mogleg knirkefritt.
Du skal ha det godt som student i Volda!
Studere i Volda?
Midt i mellom høge fjell og djupe fjordar ligg studiebygda Volda. Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på samme tid. Gir du litt av deg sjølv, får du garantert masse tilbake! Skal du delta på VEKA i Volda, Animation Volda Festival, Den Norske Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2 Festivalen? Då har du garantert nye vener og minner for resten av livet.